SiF-styret vil jobbe for at du som er student i Førde skal ha eit godt fritidstilbod medan du studerer her. Vi jobbar stadig vekk med å utvide aktivitetstilboda og medlemsfordelane hjå lokale butikkar og bedriftar.
Dersom du har ein idé eller eit brennande engasjement for noko så ta gjerne kontakt så skal vi hjelpe deg så godt vi kan. Det er ei gledje for oss i styret å kunne bidra til eit godt studentmiljø både på og av campus!